Dei aller fleste både kan og vil jobbe noko, gitt at ein finn den rette arbeidsplassen og tilbyr nødvendig støtte og oppfølging.
Arbeidsmarknaden i Vestland gir mange mogelegheiter.
Like fullt er det ein del menneske som treng ekstra hjelp for å skaffe seg ein jobb.
Vi skal hjelpe personar som står utanfor inn i ordinært, lønna arbeid.
Til det treng vi arbeidsgjevarar som torer å tenke alternativt kring rekruttering.
Vi treng arbeidsgjevarar som inkluderer, som gir personar som treng det ein ny sjanse.
Vi er fleire team med Jobbspesialistar i NAV og Helse Førde. Vi besøker arbeidsgjevarar i heile Vestland for å halde oss oppdatert om nærlingslivet, trendar og kva behov bedrifter har når det gjeld rekruttering.