Jobbspesialistane i NAV og Helse Førde gjev individuell jobbstøtte.
Kvar enkelt Jobbspesialist har inntil 20 arbeidssøkarar som vedkomande følgjer opp individuelt. Målet er å finne ein aktuell arbeidsgjevar, ut frå arbeidssøkar sine ønsker.
Då må vi kjenne våre jobbsøkarar, og ikkje minst må vi kjenne arbeidsmarkedet.
Vi arbeider etter to forskningsbaserte metodar, som begge har vist seg å vere effektive
for å få personar ut i arbeidslivet.
Supported Employment (AMS) føl tre grunnprinsipp: Arbeidssøkar skal få lønna arbeid, vere i ordinært arbeidsliv, og det blir tilbudt individuell oppfølging så lenge det er behov.
Individual Placement and Support (IPS) skal hjelpe menneske med moderate til alvorlege psykiske helseproblem, og eventuelt rusproblem, ut i ordinært arbeidsliv. Brukaren får inviduell oppfølging frå ein jobbspesialist som er integrert i brukaren sitt behandlingsteam. IPS-tilbod vert gjeve utan annan føresetnad enn at brukaren sjølv er motivert for ein ordinær jobb. Oppfølging av kvar enkelt er individuelt tilpassa og uavgrensa i tid.
IPS Ung. Er eit tilbod til personar mellom 16-30 år, som har psykiske helseproblem og treng hjelp til å komme tilbake til jobb eller skule. IPS ung er eit tilbod i samarbeid med NAV og helsetenesta. Livet går i fasar, av og til treng ein kanskje eit ekstra dytt, eller ei hand å holde i for å finne nye løysingar slik at kvardagen vert meiningsfull. Gjennom IPS ung kan ein få tilpassa hjelp, som tar utgangspunkt i ungdommen sine ynskjer og interesser for framtida, med fokus på utdanning eller jobb.
Uavhengig av metodikk. Vi arbeider mykje likt og samarbeider tett mot eit felles mål; flest mogeleg i ordinært arbeid eller i utdanning.
Under finn du oversikt over dei ulike Jobbspesialist-teama i Sogn og Fjordane.
Ta gjerne kontakt med ein av oss.