Livet byr på mange utfordringar. Du kjenner sikkert nokon, eller kanskje har du sjølv opplevd det, at livet ikkje alltid går slik ein hadde tenkt?
Mange står utanfor arbeidslivet, men fleire av desse har eit sterkt ønske om å arbeide.
Då treng vi arbeidsgjevarar som torer å tenke alternativt kring rekruttering.
det å ha ein jobb og
gode kollegaer er viktig
Som Jobbspesialist arbeider vi med å få folk inn igjen i arbeid. Det er dessverre mange som står utanfor arbeidslivet i dag. Grunnane til at ein er hamna utanfor kan vere fleire, men det er mange som har kvalifikasjonar og motivasjon for å kunne arbeide.
Jobbspesialistane i Sogn og Fjordane har som mål å vere ein trygg rekrutteringspartnar.Vi hjelp arbeidssøkjarar for å finne den rette jobben, og vi føl opp både arbeidsgjevar og arbeidssøkjar over tid.
Ved å samarbeide med ein
Jobbspesialist får du:
• Motiverte medarbeidarar
• Kvalifiserte medarbeidarar
• Kvalitetssikra rekrutteringsprosess
• Oppfølging og tilrettelegging for arbeidstakar og arbeidsgjevar
• Dedikert jobbspesialist tilgjengeleg for di bedrift
Jobbspesialistane er opptatt av bedrifta sitt behov og kva de ser etter når de skal rekruttere nye medarbeidarar. Vi veit at det er både tids- og ressurskrevjande å få rett person på rett plass. Difor brukar vi tid på å bli kjent med dei ulike arbeidsgjevarane, og sjølvsagt brukar vi mykje tid med kandidatane som leitar etter jobb. Gjennom kartlegging av eigenskapar, interesser og ferdigheiter har vi ein god føresetnad for å finne rett jobbmatch.
Jobbspesialisten skal vere ein ressurs både for arbeidssøkjar og arbeidsgjevar, og vi legg til rette for at alle kjem godt ut av ein slik prosess. Vi er eit stort team med erfaring frå mange bransjar og yrke.